– For føretaket har det vore viktig å velje ein leverandør som kan sørgje for trygg og god gjennomføring av IKT-leveransane i prosjektet. Vi har vurdert at Hemit er den best egna IT-organisasjonen i Norge for dette oppdraget, seier Øyvind Bakke, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal
I utviklingsplanen til Helse Møre og Romsdal blir det framheva at SNR skal vere heilt framme i teknologisk utvikling, og vere eit flaggskip for resten av føretaket.
– Med Hemit på laget vil vi sikre at også dei andre sjukehusa og institusjonane i føretaket vil nyte godt av avtalen. Mellom anna gjennom ulike digitaliseringsprosjekt og innføringa av Helseplattformen der Hemit har sentrale roller, seier Bakke.
/kontraktsignering%201.JPG?RenditionID=5)
Administrande direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke og direktør i Hemit, Paul Gundersen signerer kontrakten.
Om avtalen
IKT-avtalen med Hemit er den nest største entreprisen i SNR-prosjektet med eit budsjett på over 300 mill. kroner. I avtalen ligg leveransar av alt frå grunnleggjande kritisk infrastruktur, grensesnitt og integrasjonar, kommunikasjonsløysingar, utstyr som pcar og nettbrett, digitale samhandlingsløysingar, alarmsystem, informasjonstavler og sjølvinnsjekk-løysingar.
Kompetent leverandør
Hemit er Helse Midt-Norge sin hovudleverandør av IKT og har eit totalansvar for IKT innan spesialisthelsetenesta i regionen. Hemit har delteke i planlegginga av SNR frå konseptfasen og har bygget kompetanse og erfaring i eigen organisasjon som blir verdifull i realiseringa av prosjektet.
– Eg er stolt over at Hemit har blitt valt som hovudleverandør av IKT og teknologi til SNR då dette er eit stort og viktig prosjekt som vil ha høg prioritet for oss i tida som kjem. Vi ser fram til å jobbe saman med Helse Møre og Romsdal og andre samarbeidspartnarar for å realisere SNR, seier direktør i Hemit, Paul Gundersen.